Pilotepisode

VossaBib - A podcast by Voss Bibliotek

Categories:

Voss bibliotek lanserar Vossabib - drøs, Voss bibliotek sin eigen podkast den første desember 2020. Fram til jolafta  kjem det ein episode kvar dag, det blir altså publisert 24 adventsepisodar. I denne pilotepisoden får du ein kort introduksjon av bidragsytarane frå biblioteket. Til vanleg vil det kome nye episodar kvar fjortande dag, i tillegg blir det bonusepisodar når me har arrangement og forfattarbesøk. I adventsepisodane møter du nokre av bibliotekarane som jobbar på biblioteka i Voss og i nokre av episodane har me med kjende gjestar. Du får høyre episodar om alt frå bøker du kan reise i, til ein samtale om barsel og ventetid. Av kjende gjestar i adventsutgåvene kan me nemne Ruth Lillegraven, Arne Hjeltnes og Herborg Kråkevik. Voss bibliotek ynskjer med "Vossabib - drøs" å nå både nye og gamle biblioteksbrukarar, målet er å snakke samlingane våre ut av hyllene og heim til lyttarane av podcasten.