Om psykisk helse - Ingen må vite det
VossaBib - A podcast by Voss Bibliotek

Categories:
Dagens episode handlar om psykisk helse - og korleis skrive om eigne erfaringar. Metha i Lida kom ut med boka Ingen måte vite det på Selja forlag i 2019. Her får du eit djupdykk i Metha si eiga historie. Du får lese om depresjon, sjølvmordsforsøk og korleis det kjennest å få ein diagnose. For kva skjer eigentleg med ein når ein får svar på kvifor ein har vore gjennom tunge tider i mange år? Korleis kan ei reise seg att etter å ha gjennomgått eit traume? For ingen må jo vite det. Theresa ryngjer Metha, busett i Førde. Metha i Lida (f.1993) er frå Førde. Foreldra er frå Danmark og Færøyane. Ho studerer til å verte sosionom, medan ho skriv og målar på fritida. Ingen må vite det har me tilgjengeleg for utlån på biblioteket.