Adventskalender luke 5: Barsel og ventetid
VossaBib - A podcast by Voss Bibliotek

Categories:
I dagens episode har Theresa fått besøk av freelancefotograf Ingerid Jordal. Ho fødde ein son jolafta 2018 og me skal få høyre om korleis ho opplevde adventstida medan ho venta på barnet. Ingerid har lese romanen Rase av Monika Isakstuen og Barnet av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Ingerid er opprinneleg frå Odda, men no busett på Voss. Ingerid er spesialisert i foto-reportasjar og i tillegg til å ta oppdrag jobbar jo med personlege prosjekt i Norge og i utlandet. Dei siste åra har ho jobba med eit stort prosjekt om norskarmerikanarar som no er avslutta, og for tida arbeider ho med eit prosjekt om kvinnelege jegarar.