Adventskalender luke 20: Lytte og lesetips!

VossaBib - A podcast by Voss Bibliotek

Categories:

I dag er det på dagen 96 år sidan den første sendinga av lørdagsbarnetimen vart sendt på radio. Dette programmet gleda tusenvis av born og gjorde blant anna Alf Prøysen og Anne Cath Vestly til kjendisar og høgt verdsette stemmer frå eteren.  Dagens gjest, Martha Norheim, har både gode lyttetips og lesetips. Ho er jo i tillegg til å være kulturjournalist og litteraturkritikar forfattar av ikkje mindre enn to røffe guidar til samtidslitteraturen. Her er nokre av tipsa du får i episoden: Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach MariaVespers av Monteverdi Das neugeborne Kinderlein av Dietrich Buxtehude Rosa frå Betlehem av Sondre Bratland Hekneveven av Lars Mytting  Søsterklokkene av Lars Mytting Eit praktisk menneske av Kjersti Rorgemoen The mirror and the light av Hilary Mantel Ulvetid av Hilary Mantel