Adventskalender luke 13: Charles Dickens spesial

VossaBib - A podcast by Voss Bibliotek

Categories:

I denne episoden tek Theresa dykk med inn i Charles Dickens si eventyrlege verd. Charles Dickens er ein sentral skikkelse i britisk litteratur på 1800-talet. Blant dei meste kjende bøkene er Pickwick-klubbens etterlatte papirer/the Pickwick papers, Oliver Twist, David Copperfield og Store Forventninger/Great Expectations.   I dag er det kortromanen Et julekvad eller mest kjend som En julefortelling som står i fokus. Orginaltittelen er  A Christmas Carol og vart skrive og utgitt i 1843. Visste du at romanen opprinneleg kom ut i form av 18 hefter? Theresa les utdrag frå utgåva frå 1990 Eit Julekvad, omsett Torstein Bugge Høverstad med orginale illustrasjonar frå Roberto Innocenti.  Ellers får du kanskje vite litt meir om Lucia-dagen enn du ellers visste? For kva har Lucia med den falne engelen Lucifer eigentleg å gjere?