Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi
SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:
Svein Arne Sørgård har fartstid frå verdsleiande selskap som Sony, Universal og UFC, og har jobba tett på teknologi, musikk og business i storbyar som Las Vegas og Nanjing. No har han landa midt i havgapet – på den vesle perla Espevær– og byr på sommarens hyggelegaste festivaloppleving!I denne episoden tek han oss med frå barndommen i Kirkenes og DJ-jobb på 80-talet, til livet som gründer, utviklar og no festivalskapar.25. og 26. juli 2025 inviterer han heile familien til Sommerfestivalen Espevær – ein inkluderande folkefest fylt med musikk, god mat, aktivitetar, fellesskap og ekte øystemning.🎶 Her møter du DJ Walkie, Elias-båten, smakfull røykelaks, lokalmat frå Jæren – og aktivitetar for store og små. Alt samla i det unike festivaluniverset A Walk in the Park, som for første gong kjem til Espevær!Vi snakkar òg om livet som gründer, om å byggje noko varig – og om å brenne for at barn, unge og familiar skal få opplevingar saman utan at lommeboka må blø.🗓️ Festivaldatoar: 25.–26. juli 2025🎟️ Billettar: hoopla.no📲 Følg festivalen på Facebook: Sommerfestivalen på EspeværSponsor: Subshore - https://subshore.noSubshore er eit selskap som ønskjer å gjera ein forskjell – for menneske, miljø og lokalsamfunn. Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, har dei eit sterkt engasjement for å byggja eit varmt og inkluderande samfunn.Difor er Subshore stolte av å støtta Sommerfestivalen på Espevær – ein lågterskelfestival for heile familien, full av glede, fellesskap og gode opplevingar. Festivalen speglar mange av dei same verdiar som Subshore sjølv står for.Og ikkje minst: Dei som jobbar på festivalen, gjer det iført eigne Bry deg-t-skjorter – ein synleg påminning om kva slags kultur både festivalen og Subshore ønskjer å skapa. Ein kultur der ein ser kvarandre, heiar på kvarandre og gjer kvarandre gode.Gjennom slike samarbeid bidreg Subshore aktivt til å forma eit berekraftig og omsorgsfullt samfunn – både for oss som lever no, og for generasjonane som kjem.