Henriette Alsaker – Frå Karateslag til Løpesko: Eit liv i full fart

SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:

I denne episoden møter du Henriette Alsaker, ei energibombe frå Stord.Som åtteåring blei ho hekta på karate, og allereie som 12-åring tok ho svart belte – den første i Noreg som klarte det i så ung alder.Ho reiste heilt til VM i Japan som 13-åring, og fekk seg ein karriere full av trening, NM-gull og tøffe kampar.Du får høyre historia om kraniebrotet som snudde alt, og kvifor Henriette valde å satse på løping i staden.No jaktar ho nye mål saman med løpetrener Lars Lunde, og drøymer om å springe mila på under 35 minutt.Ho deler óg frå audition-opplevingane sine i The Voice, kvardagen som dagleg leiar for Ark på Stord Amfi, kjærleiken til søstera si – og livet midt i oppussing og familieliv.🔑 Stikkord for episoden: målbevisstheit, mental styrke, disiplin og glede – og om å tørre å vere litt egoistisk når ein jaktar draumane sine.Sponsor: Aadland og Gundersen bygg As Aadland og Gundersen bygg leverer kvalitet – frå totalrenovering og etterisolering til plassbygde garderobar, tilbygg og montering av kjøkken.Her snakkar me om dyktige, effektive og blide fagfolk som gjer jobben – med godt humør og imponerande presisjon. Enten det handlar om nytt tak, nye vindauge, kledning eller oppussing av stova, så leverer dei – kvar einaste gong.Ingen oppdrag er for små – og kvar kunde blir møtt med ekte engasjement og solid handverk.👉 Ta kontakt med Aadland og Gundersen bygg – når du vil ha jobben gjort skikkeleg!