Helene Torkelsen - om Leire, Skaparglede og Keramikk
SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:
Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira. Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om å leve av det ho elskar å skape.Vi snakkar om estetikk og inspirasjon, kvifor det er viktig å skape sjølv om det ikkje blir perfekt, og korleis det er å stå på marknad med baby på armen. Du får òg høyra om hytta dei har bygd i hagen – som no husar gjestar frå heile verda via Airbnb!🎨 Finn Helene på Instagram: https://www.instagram.com/atelier_helenetorkelsen/ 🌐 Og sjekk nettbutikken hennar: https://www.atelierhelenetorkelsen.com Sponsor: dreieskive.noHar du lyst å utforska kreativiteten din med leire? Då bør du ta turen innom dreieskive.no!Dei tilbyr solide og stillegåande dreieskiver – perfekte for deg som vil koma i gang med keramikk heime, utan stress.Du får god kvalitet, rimelege prisar og skikkeleg god service.Og det beste av alt: 14 dagars returrett og 2 års full garanti!👉 Besøk dreieskive.no – og sett fart på kreativiteten din!