Astrid-Cecilie Flisram – Friluftsglede for Små og Store i Barnas Turlag
SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:
Ho er over gjennomsnittet glad i både ungar og tur, og no er ho leiar for Barnas Turlag Stord–Fitjar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Astrid-Cecilie Flisram, som deler både humoristiske turopplevingar, tips for å få med barn på tur – og kvifor turleiarar og frivillige er så viktige for fellesskapet.Vi snakkar om alt frå knekt tann på crossfit-fest, til å gå ned på «feil side» av Utslettefjellet, til magiske hengekøyturar ved sjøen. Astrid-Cecilie fortel òg om komande arrangement, kano-utleige, topptrimkort og kvifor ein sjokolade kan gjere underverk på tur.Høyr om friluftsglede, dugnadsånd og små og store opplevingar i naturen – for heile familien.Sponsor: Fargerike MalerbodenI dag er episoden sponsa av Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, golv og interiør.I over 40 år har familieverksemda Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland.Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til golv, fliser og verktøy – i tillegg til tenester som fargerådgjeving og handverkshjelp, for å nemne noko.Med Miljøfyrtårn-sertifisering tek dei òg ansvar for klima og miljø.Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt draumeheim.Kontakt: [email protected] Nettside: https://www.fargerike.no/fargehandel/stord