#028 Love Bites med Aki Morimoto frå Electric Eel Shock
Priest VS Maiden - A podcast by Tarjei Heggernes og Bård Nordvik
Aki Morimoto er gitarist og vokalist i det fantastiske bandet Electric Eel Shock. Etter at ein av vertane (Tarjei) såg dette bandet på Garage ein tysdag kveld tidleg på 2000-talet vart han storfan, og har mellom annan skreve ein artikkel i Bergens Tidende om dei, hatt dei som gjester på 17.mai-frukost, og vore på konsert med det fleire gonger både Noreg og fleire byar nedover kontinentet. Vi snakkar mellom anna om korleis det var å vokse opp i Japan som metal-fan på 80-talet og om dei to gongene Bruce Dickinson inviterte Aki og bandet som gjestar i radioshowet sitt. Du får og vite kva slags titlar plateselskapa i Japan sette på både album og låtar frå både Priest og Maiden, der er det mykje som er både tapt og vunne i oversetjinga! Som gitarist har Aki i oppgåve i denne episoden å kåre den beste gitaristen mellom gitaristene i Priest og Maiden. SPOILER ALERT!Aki sitt poeng går til Glen Tipton og Judas Priest. Stillinga etter denne episoden er dermed: Priest 10,5, Maiden 6,5. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.