#023 Powerslave med Eirik Strønen Søfteland
Priest VS Maiden - A podcast by Tarjei Heggernes og Bård Nordvik
Eirik Strønen Søfteland kom busande inn i hjartene til heile det norske folk i 2013, og har hatt ein plass der sidan! Han er ein framifrå vokalist og formidlar av både eigne og andre sine låtar, og han har fleire gonger måtte stå rett foran ekspert/dommarpanel (men han har vel aldri fått kjeft). Han leiar prog-rockarane Sipher i tillegg til at han frontar eitt av Bergens to Maiden-coverband: Powerslaves. Men! Både Priest og Maiden spelar og coverlåtar, alt frå Joan Baez, Fleetwood Mac, Jethro Tull, Thin Lizzy, FM m.m. har fått sitt umiskjennelige Priest eller Maiden-preg opp gjennom åra. Kva for eitt av banda er det som tar denne oppgåva mest på alvor, og klarar å lage låtane til sine eigne? I denne episoden er det Eirik som utgjer dommarpanelet, og avgjer utfallet. Eirik sine favorittar: Maiden: Album: PowerslaveLåtar: PowerslaveAlexander the GreatThe ClairvoiantPriest: Album: Firepower (!)Låtar: PainkillerNecromancerLiving after midnightSPOILER ALERT! Eirik sitt poeng gjekk til Priest! Etter første gjest i 2022 sesongen er stillinga: Priest 8,5, Maiden 5,5. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.