#010 Sinner med Harald Frode Unneland
Priest VS Maiden - A podcast by Tarjei Heggernes og Bård Nordvik
Frodis (Harald Frode Unneland) er ein super trommis, låtskrivar og vokalist med lang fartstid frå band som Pompel & The Pilts og Savoy, og han er framleis aktiv som turnetrommis og i bandet Evig Din For Alltid. Sjølv om han ikkje er ein utprega heavy-trommis i dag er Priest og Maiden er to av dei banda han vaks opp med og lærte seg å spele trommer til. Maiden har hatt to trommisar, men i Priest har det vore inne ikkje mindre enn seks trommisar som har bidratt live og på plate. Vi går gjennom ein god del av dei og snakkar om spelestil, bidrag til bandet og bidrag til heavy-tromming generelt. Vi får og høyre om at Frodis sin kompis og heavy-leverandør i Huddersfield og ein ellevill champangefrukost saman med Iron Maiden! SPOILER ALERT! Frodis sin favoritt blant alle trommisane er Simon Philips, som spelar trommer på Sin after Sin. Stillinga etter denne episoden vert då Priest 2,5 og Maiden 3,5. Topp tre (her tok Frodis både låtar og topp tre album!): Priest: Låtar1.Sinner2.Hell bent for leather3.ExciterAlbum1.Sin After Sin2.Killing Machine3. Stained ClassMaiden: Låtar1.Still life2.Number of the beast3.Wasted yearsAlbum1.Piece of mind2.Number of the beast3.Somewhere in timeMusikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.