LitFestBergen 2019: Gjenklangen frå bombene med Edurne Portela

LittPod - A podcast by Litteraturhuset i Bergen

Categories:

Etter å ha skrive sakprosabøker og essay om situasjonen i spanske Baskerland, ga Edurne Portela i 2017 ut romanen Mejor la ausencia. Boka følgjer hovudpersonen Amaia gjennom oppveksten i Bilbao i 1980- og 1990-åra, i eit miljø prega av politisk vald frå ETA, avindustrialisering og arbeidsløyse. Boka vann den spanske bokhandlarprisen. Portela møter forfattar og historikar Sigrun Slapgard til ein samtale om korleis den blodige fortida pregar notida og om moglegheitene for frigjering som finst i litteraturen.