Boklansering: Carl Frode Tiller – Arbeidarhjerte 2

Litteraturhuset i Trondheim - A podcast by Litteraturhuset i Trondheim

Podcast artwork

Categories:

Arbeidarhjerte bok 2 er ei utviding og forlenging av forteljinga om Trond: ein middelaldrande mann frå Namsos som ikkje kjenner seg sjølv eller landet han kjem frå igjen. Det er forteljinga om eit fall, og om ein mogleg veg tilbake.Trond prøver å få livet på rett kjøl igjen. Han søker ny jobb, prøver å reparere forholdet til kona, og dottera har blitt sjuk. Samstundes ser han tilbake – han prøver å forstå seg sjølv og samfunnet han er ein del av, han prøver å finne si eiga forteljing.Romanen handlar om det norske klassesamfunnet. Det er ei ukunstla og djupt humanistisk forteljing om fellesskap i alle former – sosiale, politiske, nasjonale. Fellesskap som går i oppløysing, men òg om kva som skal til for å byggje dei opp att. Med den andre boka er Arbeidarhjerte eit fullenda romanverk: Carl Frode Tiller har skrive eit norsk liv.Velkommen til lanseringsfest og bokbad med Carl Frode Tiller og «Arbeidarhjerte 2»! Samtaleleder er Zsofia Domsa, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.