Norgesmester inviterer Tambarskjelvar på kjendisfest

Etter braksuksessen med Ole-Kristian i studio forrige uke, vart det i dinna episoden fullstendig overtenning, med to pratesjuke Tempo-legender på visitt i Firdaposten sine lokaler. Det blir framføring av Limerick, til svært blanda mottagelse, anekdoter om då norgesmeisteren i biljard måtte abdisere, kjendisfest og ein skokk med andre røverhistorier. I ein episode der redigeringsansvarleg måtte jobbe overtid for å få pressa materialet til under ein time, tar dei også for seg Tambarskjelvar, Florø fotball og siste vending i den nervepirrande Book-sagaen.

Om Podcasten

Firdaposten sin offisielle podcastside!